Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Gjer handleturen enkel og forutsigbar for kunden!

21.02.2022

Det å ta seg ein tur på butikken for å handle mat, er ingen enkel affære om dagen. Iallefall ikkje hvisdu ynskjer å vere bevisst på kva betydning varene du tek med deg heim att har. Det bugnar av forlokkande pakker med kjedenes egne merkevarer (EMV), og “eksklusive” importerte produkt, som heilt fint kunne vore basert på norske råvarer.

Kjedeeigarane gjer det dei tjener mest pengar på (naturleg nok). Dei skvisar ut kjende merkevarer som Gilde og Tine, så dei blir ståande i ein liten og minst mogleg del av hylla, og gjerne til ein kunstig høg pris, slik at dei kan bruke meirprisen der til å finansiere ein lågare pris på EMV-alternativet.

Når det gjeld brødvarer, så er stort sett alt av halvstekt, og “butikkstekt” importert, fordi det er eit hol i tollregelverket. Dette holet må tettast, så bakevarer basert på norske råvarer og norsk arbeidskraft, er mest lønsamt og selje for kjeden, og det rimelegaste alternativet for kunden å kjøpe. Likeså er det slik at fleire butikkjedar eig sitt eige bakeri, og får blandt anna gjennom dette, større kontroll over verdikjeda på mat. Dette gjeng også utover dei lokale bakeria.

På bearbeida mjølkeprodukt, som til dømes ost og yoghurt er det også mange feller å gå i. Til dømes “Q-skyr” er slettes ikkje garantert norsk, for den er det mest lønsamt og importere. Her er det viktig at kunde blir opplyst om kva som er den samfunnsmessige forskjellen på Tine sin “Piano”-yoghurt og Q sin “Skyr”. Så kan kan kunden ta eit bevisst val på bakgrunn av kunnskapen om det.

På kjøtvarer har merking av opprinnelsesland blitt betre dei siste åra, men det er fortsatt ein veg å gå. Det er også stor forskjell på kor overskotet havnar, avhengig av kva merkevare du vel.

Me må gjere det lettare for forbrukarane å gjere bevisste val i butikken. Dagens situasjon med kompliserte eigarstrukturar i verdikjeda på mat, samt mange typer innpakning som er tilnærma lik, men med ulikt innhald, skaper forvirring hos forbrukarane, og gjer det vanskeleg å ta bevisste val. Produkt som symboliserar eit bærekraftig norsk landbruk og næringsmiddelindustri over heile landet, f.eks. Gilde- og Tine-produkt, må få ein større plass i butikkhyllene, og bli eit naturleg val for forbrukarane.

Kjedanes jakt på profitt, gjennom kynisk rein marknadskapitalistisk tenking, fører til ei sårbar matforsyning gjennom ein høg importgrad, og derfor gjensidig dårleg utnytting av norske jordbruksressursar. Dette er veldig lite klimavenleg, lite berekraftig og på mange måtar uetisk.

Det norske landbruket kjenneteiknast av store variasjonar i geografi og klimatiske forhold, som dannar grunnlaget for ulike produksjonar og ein struktur med små og store gardsbruk i heile landet. Dette er det norske landbruket, med ein av verdens beste dyre- og plantehelse, som me er så stolte av. Med dei mekanismane som no rår i næringskjeden for mat, står det norske landbruket som me kjenner i dag i fare.

Nå må me snu den stygge trenden med vertikal integrasjon, som dei siste åra verkeleg har gjort seg gjeldande i daglegvarebransjen." med "Vi må stoppe dagligvarebransjens kapring av verdikjeden!

Senterungdommen vil:

  • Gjere det lettare for forbrukarane å gjere bevisste val i butikken.
  • Styrke og utvide tollvernet for bearbeida produkt.
  • Stoppe og reversere daglivarebransjens kapring av verdikjeden og sørge for at større deler av overskuddet går tilbake til bonden
  • Advarselmerke produkt som bidreg til svekking av norsk matproduksjon og verdiskaping
  • Styrke bonden og norsk landbrukssamvirke sin posisjon i verdikjeda for mat

Vedtatt av sentralstyret februar 2022