OBS! Det er gjort somme store endringar i frå 2022 i retningslinene for 2023, under finn du dei største endringane oppsummert, men det er ogso viktig å lesa godt gjennom heile retningslinene føre du sender inn ein frifondssøknad. Det sparar både deg og oss for mykje tid
Viktige endringar for frifond 2023:
- Kvart lokallag må ha ein ansvarleg person som søkjer frifond på vegne av dei. (punkt 3, fyrste avsnitt)
- Frifondsmiddel kan berre verta utbetala til organisasjons- eller bedriftskontoar. Lokallaget bør difor ha eigen registrerte bankkonto. (punkt 3, andre avsnitt)
- Klagefristen for avvist eller avkorta tildeiling er auka frå éi veke til to veker. (punkt 4)
- Siste frist for å bruka opp frifondsmidla er 1. desember året etter tilsegn og ikkje 31. desember året etter, som tidlegare.
Søknadsskjema
Søknadsskjema (PDF) Søknadsskjema (Word) Søknadsskjema eksempel
Rapporteringsskjema
Rapporteringsskjema (PDF) Rapporteringsskjema (Word) Rapporteringsskjema eksempel