Debatten om sjølvbestemt abort raste i Noreg på 70-talet. Sidan 1964 hadde det vorte opna for abort etter søknad – av arvemessige, medisinske og humanitære indikasjonar kunne abort bli innvilga. Det hadde vist seg at søknadane vart handsama ulikt ut ifrå kva legane hadde av livssyn og sosial bakgrunn. Utfallet av søknaden din kunne variere med kvar i landet du budde. Det var ikkje akseptabelt. Hovudproblemet med løysinga var likevel at det var legane, og ikkje kvinna sjølv som skulle bestemme over kroppen sin. I 1975 var forslaget om sjølvbestemt abort opp til avstemming på Stortinget, men fall med ei stemme. Tre år seinare, i 1978, gjekk forslaget gjennom med ei stemmes overvekt. Kvinner fekk rett over eigen kropp, helse og framtid. Borna sina oppvekstvillkår blir òg styrka gjennom sjølvbestemt abort.