Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Videoundervisning - ei moglegheit

15.06.2018

Videoundervisning er allereie i bruk ved utdanning ved høgskule/universitets og i fleire samlingsbasert og desentraliserte utdanningsløp. Forskinga på dette er mangelfull og vi kan seie lite om korleis det påverkar blant anna relasjon mellom elev og lærar, samt læringsutbytte. Senterungdomen meiner at vi treng innhenting og samling av forsking og erfaringar kring videoundervisning kunne seie noko om korleis ein kan få det til å fungere godt.

Dei digitale verktøya vert stadig fleire og betre og Senterungdomen meiner at videoutstyr og undervisning ved bruk av dette, er eit steg i riktig retning når det gjeld å ta i bruk digitale hjelpemiddel i den vidaregåande skulen. Teknologien gjev oss store moglegheiter og kan vere ein del av løysinga når løysast på ein stadig meir økonomisk effektiv måte. Ny teknologi gir òg moglegheiter for at vi kan tenke videoundervisning på ei anna måte enn vi tradisjonelt har gjort. VR utviklast særs raskt, og kan med framtidas teknologi heve kvaliteten på videoundervisning. Vi kan til dømes tilby eit breiare fagval på fleire vidaregåande skuler ved å kunne bruke faglærarar på tvers av skulestad. Det er likevel viktig at videoundervisning blir brukt som eit supplement og brukt med måte.

Senterungdomen vil:

  • Auke forskingsgrunnlaget på videoundervisning
  • Sjå på videoundervisning som ei moglegheit, ikkje som eit hinder, i vidaregåande skule og til privatistar