Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Veto mot EUs jernbanepakke IV

15.06.2018

Føremålet med EUs jernbanepakke IV er å sikra meir konkurranse mellom selskap som driv med skinnegåande persontrafikk. Dette er ikkje bra for reisande og distrikta vil verta nedprioriterte då dei strekningane ikkje vil vera lønsame for private selskap. Me har allereie sett at den skinnegåande godstrafikken gjekk ned som fylgje av jernbanepakke II og privatisering som ho medførte. Dette er altso i strid med målsetjingar om å auka godstrafikken på skinner.

Oppstykking av ansvaret for persontrafikken, infrastruktur, anskaffing av materiell og billettsystem osv. vil gje passasjeren eit dårlegare tilbod enn det dei har i dag. Det vil gjera det vanskelegare å samkjøra togtilbodet, slik me har sett mellom anna i England.

Dersom Stortinget vel å taka inn EUs jernbanepakke IV, vil me måtta overføra nasjonal tryggleiksmyndigheit frå Statens Jernbanetilsyn til ERA. Statens jernbanetilsyn vil på den måten få eit avgrensa ansvarsområde i form av å sjå til at ERAs retningsliner vert fylgde i Noreg. Senterungdomen meiner at ei slik suverenitetsavståing må skje i samsvar med Grunnlovas §115 som krev ¾ fleirtall i Stortinget.

EUs Jernbanepakke IV vil gje dårligare tryggleik på skinnene. ERA vil mellom anna få mandat til å godkjenna tog-materiell. Det tyder at Noreg ikkje kan avstå frå å bruka eit sett med materiell med omsyn til tryggleiken, dersom ERA har godkjent det. Et togsett som er godkjent for bruk på flate strekningar i Sentral-Europa er ikkje naudsynt trygt å bruka i norske fjell-strekningar. Is, kulde og eit til tider røft terreng gjer det naturleg for Noreg å ha strengare krav til tryggleik på skinnene. Det vil ikkje verta ivareteke på ein god måte gjennom jernbanepakke IV.

Senterungdomen meiner at

  • Stortinget skal bruka vetoretten i EØS-avtalen mot Jernbanepakke IV
  • Stortinget skal votera over saka etter samsvar med Grunnlovas §115