I dagens urolege verd har det kanskje aldri vore viktigare å produsere mat i Noreg. Dei siste tiåra ser ein likevel at tal bønder gått drastisk ned. Det er ein trend vi må og skal snu. Difor lanserer Senterungdomen sin Ung-bonde-pakke.
Vi lyt gjere det lettare for unge under 35 år å starte som bonde. Unge bønder må også kunne leve eit moderne liv ved sidan av gardsdrifta. Difor må vi få på plass gode velferdsordningar, slik at bønder kan få ungar, reise på ferie og ha rom til å vere sjukemeldt dersom det trengs.
Senterpartiet i regjering ført til ein aukande optimisme i næringa. Med Senterungdomen sin ung-bonde-pakke håpar vi å få endå fleire unge bønder som vil ta på seg den viktige oppgåva det er å drive jorda vår og å produsere mat til Noregs befolking.
Senterungdomen vil:
- Innføre skattefritak på GSU på lik linje som BSU.
- Gje eit årleg tilskot på kr 250 000 i ei fire års periode, (til saman 1 million kroner) til alle bønder under 35 år som tek over eller kjøper eit gardsbruk og har bondejobben som hovudvirke.
- Tilby ein årleg frivillig samtale med kvalifisert helsepersonell for alle bønder, og generelt auke fokuset på psykisk helse i landbruket.
- Utgreie foreldrepermisjonsordninga for bønder, med mål om at ein reelt sett skal få foreldrepermisjon på lik linje som andre yrkesgrupper. Sikre at Innovasjon Norge har tilstrekkelig med midlar til unge bønder som overtek gardsbruk, for å redusere risiko, og gjere det mogleg å investere i drifta.
- At alle fulltidsbønder skal ha rett på fem avløyserveker i året. Gje dobbelt avløysartilskot dei 5 fyrste driftsåra.
- Gje alle som tek over gard tilbod om mentor gjennom mentorordninga i landbruket
- Innføre eit kompetansekrav til den som skal få konsesjon på gardsbruk, for å sikre den enkelte bonde nok kunnskap om drifta.
- Unge bønder under 35 år må prioriteras ved tildeling av investeringsmidlar frå Innovasjon Norge.
- Sikre at Innovasjon Norge har tilstrekkelig med midlar til unge bønder som overtek gardsbruk, for å redusere risiko, og gjere det mogleg å investere i drifta.
- Endre ordninga med utbetaling av produksjonstilskot, så det betalas ut to gonger i året.