Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Sats på biokull for å auke karbonlagring i jord

26.11.2018

I tillegg har biokull andre fordelar. Varmen som biokullproduksjonen skapar kan brukast til oppvarming av bygningar og jorda med biokull får ein auka evne til å halde på vatn. Biokull kan blandast biorest frå biogassanlegg eller med husdyrgjødsel for å lage eit gjødselprodukt som potensielt kan erstatte kunstgjødsel og føre til betre jordkvalitet og karbonlagring, og redusere lukt og klimagassutslepp ved spreiing av gjødsel på jorder.

I Kaindorf-regionen i Østerrike har bøndene satt i gang karbontilføringstiltak og får betaling for den ekstra innsatsen frå bedrifter som kompenserar for sine eigne CO2 utslipp. Bøndene seier dei merkar at auka karboninnhald i jorda gir høgare avlingar og mindre erosjon og mange vil difor halde fram med tiltaket sjølv om betaling ein dag tek slutt.

Lønnsomheita er den største utfordringa for biokull som teknologi og klimatiltak i Noreg. Vi må rigge oss slik at det lønner seg å investere i pyrolyseteknologi.

Senterungdommen meiner at:

  • Vi, gjennom jordbruksavtala og i regionale miljøtilskot, må bruke incentiv slik at bønder vil bruke biokull ved jordbeiarbeiding
  • Vi må ha støtteordningar for forsking, testing og investering i pyrolyseteknologi

Kjelde: https://www.harvestmagazine.no/pan/karbon-i-jord-fortjener-tilskudd