Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Krafttak for norsk energipolitikk

23.11.2022

Sterk nasjonal kontroll over energipolitikken har aldri vore viktigare enn i dag. Krig i Europa og ekstremvær som følge av klimaendringane har skapt store utfordringar for leveringssikkerheita av energi over heile Europa. Denne situasjonen tydeleggjer behovet for å sikre politisk kontroll over krafta vår. Norske folkevalde må ha makt over straumeksporten og prioritere utbygging av fornybar energi.

Den norske suksessoppskrifta med sterk folkevald styring over energipolitikken, er no under press. I Sør- Noreg har vi sidan 2021 opplevd å importere høge kraftprisar frå våre naboland. Ei viktig forklaring er at norske politikarar i praksis ikkje hatt nokon moglegheit til å regulere import og eksport av kraft etter at Noreg tilslutta seg EUs energimarknadsbyrå ACER. Straumprisane i Noreg vert ikkje lenger regulert av folkevalde organ, men marknadskrefter i Europa. Senterungdomen ynskjer å ta tilbake folkevald kontroll over krafteksporten.

Noreg er i særstilling som vasskraft-produsent med vår fordelaktige geografi og hydrologiske kompetanse. Vasskrafta var og det store fortrinnet som gjorde at me kunne bygge ut stålindustri, meieri og meir frå 1900-talet og utover. Dette fortrinnet har Noreg framleis den dag i dag, og me har store moglegheiter til å vidareutvikle feltet. I dag er dei fleste vassturbinane 40-50 år gamle, og ikkje i nærleiken av så effektive som dei nye turbinane som blir produserte i dag. Senterungdommen vil syte for at den norske vasskrafta blir modernisert og optimalisert slik me utnyttar dei eksisterande anlegg våre til det fulle.

Vi må stadig forhalda oss til nye diskusjonar i møte med kraftutfordringane. Diskusjonen kring den omstridde produksjonsforma kjernekraft veks fram.På den eine sida, er det ei effektiv produksjonsform med svært låge CO2-utslepp, lite naturinngrep og en energiform som er stabil og uavhengig av været. På den andre sida er det viktig å ha handtere avfallet riktig, og fortsette den gode utviklinga når det gjelder sikkerhet. Mykje har skjedd siden ulykkene på 80-tallet, og kjernekraft er no ein del av løysinga på både energikrisa og klimakrisa.

Senterungdomen vil:

  • At Stortinget tek tilbake kontrollen over det norske kraftsystemet og eksport med andre land.
  • Prioritere oppgradering og utvikling av eksisterande vasskraftverk for å auke norsk straumproduksjon.
  • At Norge skal satse på kjernekraft for å kutte utslepp og sikre en stabil, påliteleg og væruavhengig energiproduksjon i framtida.

Vedtatt av landsmøtet 2022