For å få sjøtransport meir kostnadseffektivt må staten prioritere meir forskning på miljøvennlege og effektive fartøy. Vi må bruke kunnskapen vår til å behalde og skape arbeidsplassar.
Å bruke «Riksveg 1» vil gi mindre slitasje og auke sikkerheita langs vegane. Det er òg meir miljøvennleg.
Maritime utdanningar er kostbare, så skulane som tilbyr desse studia må difor få betre finansiering og endra kategori (frå E til B). Vi må satse på eigen skipsfart med norske sjøfolk. Med nye sertifiseringskrav vil behovet for rekruttering, så utdanningsløpet må styrkast.
Senterungdomen vil:
-
Få meir av godstransporten over på sjø
-
Prioritere forskning på miljøvenlege og effektive fartøy
-
At det blir arbeida for gode hamneanlegg
-
Endra finansiering av maritime studiar frå kategori E til B
-
Vidareføre nettolønsordninga
-
Styrke det maritime utdanningsløpet
Vedtatt av senterungdommens landsstyre 9. november 2015.