Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Ferje er ogso veg!

15.02.2021

Mykje av verdiskapinga i Noreg skjer langs kysten. Nokre av Noregs viktigaste eksportnæringar ligg i område der ein er avhengig av ferje eller båt. Senterungdomen meiner det er viktig å gjere det attraktivt og godt å bu og leve i heile landet, ogso i kystfylka. Då kan vi ikkje ha så høge ferjeprisar som vi har i dag. Det skal ikkje vere slik at enkeltpersonar og familiar må ut med mange titusen kroner berre i ferjebillettar for å kome seg til og frå jobb og å delta i samfunnet.

I tråd med forslaget til demografiutvalet krev Senterungdomen gratis ferje på samband med liten trafikk til øysamfunn og distrikt som er heilt avhengige av ferje. Her har folka ikkje noko anna val enn ferje for å kome seg rundt. På sikt ynskjer vi gratis ferje i heile landet og på alle samband.

For å nå måla i Parisavtalen er det viktig at ferjene og hurtigbåtane går over på null- og lågutslepp. Denne utgifta er det ikkje ferjebrukarane som skal ta, men staten.

Senterungdomen krev:

  • Sterkt redusera prisen på samband med liten trafikk til øysamfunn  som er heilt avhengig av ferje
  • Alle med autopass skal kun betale for de første 15 turene på same fergesamband hver månad. 
  • At staten må dekkje meirutgiftene knytt til at ferje- og båttilbodet går over på null- og lågutslepp.

 

Vedtatt av Senterungdommens sentralstyret februar 2021.