Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Berekraftig utvikling i pelsdyrnæringa

18.05.2017

Pelsdyrnæringa i Noreg har eit strengt lovverk, spesielt jamført med dyrevelferd. Norske pelsdyrbønder har eit minimumskrav på tre besøk frå veterinær årleg. I tillegg får omlag 80% av farmane uoppmoda besøk frå mattilsynet i løpet av året. Noregs pelsdyralslag har dei siste åra hatt sterkt fokus på å kontrollere eigne medlemmar, og stiller strenge krav til eigen sertifisering. Sertifiseringa har ein kravstandard med 52 kriterier på forskrifter om hald av pelsdyr. Den baseras på årlege eigenrevisjon, veterinærkontrollar, tilsynsrapport frå Mattilsynet, revisjonsrapport og interne observasjonar.For Senterungdommen er dyrevelferd det essensielle i alt dyrehald. Pelsdyrutvalet foreslår fleire tiltak som vil føre til enda betre dyrevelferd med pelsdyrhald. Eksemplar på dette er vidareutvikling av opphaldseininga og aktivitetsobjekt, og auka prioritet på systematisert avl med vekt på godt lynne og tillitsfulle dyr.
Pelsdyrnæringa her til lands er ikkje ein produksjon berre for luksus og velvære, men har òg ei viktig miljønytte der det skapast store verdiar av avfallsprodukt frå andre produksjonar.
Pelsdyrnæringa i Noreg skapar gode arbeidsplassar i lokalsamfunna og er den einaste husdyrnæringa som er driven heilt utan produksjonstilskot frå staten og likevel er levedyktig.
 
Tidligare i år vart fraktutjamningstilskotet fjerna. Dette tilskotet var viktig for å sikre lik pris på fôr i heile landet, uavhengig av kvar garden ligg. Fjerninga av fraktutjamningstilskotet kan i verste fall føre til ei sentralisering av norske pelsdyrgardar, sidan ein gjerne vil bu so nærme fôrstasjonane som mogleg for å unngå dei økonomiske utgiftene.

Senterungdommen ynskjer:

  • Å sørgje for ei berekraftig utvikling i norsk pelsdyrproduksjon, jamfør tiltaka anbefalt av pelsdyrutvalet, og å sørgje for at utvikling av regelverket skal ta omsyn til dyrs artstypiske behov

  • Senterungdommen ønskjer at mattilsynet må få tilstrekkeleg med midlar slik at dei kan følgje opp sine krav til pelsdyrnæringa og på den måten sørgje for at den gode dyrehelsa blir ivaretatt

  • Å støtte Noregs pelsdyralslag i arbeidet med å kontrollere sine medlemmar internt

    at det vert sett som ein føresetnad for vidare pelsdyrhold at pelsdyrutvalets føreslåtte tiltak for betra dyrevelferd blir implementert i næringa

  • Å ha sterk fokus på auka dyrevelferd og systematisert avlsarbeid

  • At fraktutjamningstilskotet vert ført inn igjen

Vedtatt av senterungdommens landsstyre 9. november 2015.