Fyrste innspelsrunde er i gang!
Valkomiteen i Senterungdomen 2023 hadde sitt fyrste møte 27. april. Her konstituerte komiteen seg og valde leiar og nestleiar. I tillegg laga ein ein framdriftsplan for året fram mot landsmøtet i Senterungdomen i Drammen 24. til 26. november.