Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Vi må prøve ut semestermodell i videregående!

17.10.2022

I dag har ein i vidaregåande opplæring skulefag over eitt eller fleire år, med avsluttande eksamen i slutten av vårsemestera. På denne avsluttande eksamenen risikerer ein å få tema som ein har hatt undervising om fleire månadar eller år etter at undervisinga i faget vart avslutta.

Senterungdomen vil difor innføre eit prøveprosjekt med semestermodell, etter modell frå høgare utdanning, på studiespesialiserande fag i vidaregåande skule. Vi vil at undervisningsåret blir bygd opp av to semester, med eksamensperiode i slutten av kvart av dei. På den måten har ein færre fag kvart semester med ein meir intensiv undervisingsperiode.

Semestermodell i vidaregåande skule vil føre til at ein får eit meir heilskapleg utdanningslaup, med djupnelæring i fokus, i tråd med den det nye Kunnskapsløftet. Periodane ein har kvart fag vil vere kortare, meir intensive og elevane får moglegheita til å fokusere på å bli betre i kvart enkelt fag. På den måten vil elevane få eit større læringsutbyte. Med semestermodellen vert det også lettare for både elevar og lærarar å planlegge for vurderingar, slik at det ikkje krasjar med einannan. I tillegg vil ein kunne oppretthalde kontinuiteten i alle faga.

Etter vidaregåande skule vel mange på studiespesialiserande liner å gå vidare til høgare utdanning. Det å innføre semestermodell vil også gjere studiespesialiserande endå meir studiespesialiserande, og elevane kan bli meir førebudd på høgare utdanning ved å ha den same undervisingsstrukturen som ein har der.

Senterungdomen vil:

  • Innføre eit prøveprosjekt med semestermodell på studiespesialiserande liner i vidaregåande skule, med færre og meir intensive fag kvart semester, etter modell frå høgare utdanning.
  • Under prøveprosjektet skal det vere" éin eksamensperiode kvart semester på studiespesialiserande liner i vidaregåande skule, der elevar kan trekkast opp til eksamen i dei faga som er avsluttande i det respektive semesteret.

Vedtatt av landsstyret oktober 2022.