Nei til skadeleg reklame
I Noreg har me forbod mot reklame for skadelege og avhengigheitsskapande stoff som alkohol og tobakk. Me har og eit tippemonopol som sikrar at inntektene frå tipping og pengespel går til gode formål som bygging av kultur- og idrettsarenaer.
Dei siste åra har nordmenn kunna nytta seg av fleire og fleire utanlandske bettingselskap over internett. Desse kan med hjelp av eit smutthol i lova reklamere fritt på fjernsynskanalar, radio og nett.
I fylgje organisasjonen «Spilleavhengighet Norge» er det i dag 22 000 nordmenn som reknast som speleavhengige. I tillegg er 122 000 personar, dvs. 3,2% av befolkninga, moderate risikospelarar eller problemspelarar.
95,2% av dei mellom 16 og 25 sei dei har vore eksponert for reklame for pengespel det siste året.
For å forebygge speleavhengigheit og for å unngå at fleire på bedringens veg skal få tilbakeslag, så må reklame for pengespel verte forbode i Noreg på same måte som alkohol- og tobakksreklame.
Senterungdommen vil:
- Forby reklame for pengespel på same måte som tobakks- og alkoholreklame. Forbudet skal gjelde på alle norskspråklege medieplattformar, og bli rekna med i strafferammer for anna ulovleg reklame som alkohol- og tobakksreklame.
- Forbudet skal òg omfatte reklame og annonsering for urimeleg dyre forbrukslån utan tryggleik.
- Reklameforbudet omfattar òg reklame for kredittkort som blir gitt ut utan kredittvurdering og med urimeleg stor bruksgrense.