Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Når det skal brukast pengar på samferdsle skal liv oghelse prioriterast!

23.11.2022

I mangfaldige tiår har ein peikt på det enorme etterslepet ein har på rassikring og vedlikehald ein har i Noreg. Både på riks- og fylkesvegar, nord og sør, men aller mest i vest. Sjølv om det har vore lite usemje om at dette stemmer, har det likevel vore vist lite politisk handlingskraft. Senterungdommen meiner at nok er nok. Det skal ikkje lenger vere tvil: om ressursane innan samferdsle må prioriterast skal liv å helse kome ut på topp.

No står ei ny trugsel for dør; Statens Vegvesen sitt framlegg om ny modell for å rekne skredfaktor. Utruleg nok er det tre faktorar den nye modellen ikkje lenger vil ta med i reknestykke. Konsekvensane vil bli mindre pengar til der det rasar mest. Den nye modellen ikkje ta med 1) tal vegstengingar på grunn av skred, 2) tal døgn ein veg er stengd på grunn av skredfare, og 3) tilfelle der trafikantar blir ståande og vente i skredløp og kan bli treft av skred. samrøystes. For lenge har ein bygd luksusvegar der ein allereie har hatt gode vegar, medan andre har køyrd på hovudvegen sin med livet som innsats kvar einaste dag. For lenge har ein prioritert overdådige vegprosjekt som i praksis stel menneskeliv i byte mot at ein andre stader skal kome fortare fram.

Senterungdommen meiner:

  • Senterungdommen meiner at når statsbudsjett blir behandla i desember, må dette vere starten på ei opptrapping og ein forpliktande avtale om å ta innbyggjarane langs rasutsette vegar på alvor.
  • For Senterungdommen er liv og helse vår tydelege prioritering gjennom alt vårt arbeid innan samferdslesektoren frametter.
  • Vi må sikra at veger har tunnelar som halder ein slik standard at trafikken ikkje blir stansa kvær gong større køyretøy møtast.
  • Senterungdommen motset seg den nye modellen for å rekne ut skredfaktor som Statens Vegvesen legg fram.

Vedtatt av landsmøtet 2022