Løys opp den vonde sirkelen i sidemålsundervisninga!
Framtidas Noreg treng lærarar som er i stand til å undervise i og på begge dei norske skriftspråka, og det er lærar- og lektorutdanninga sitt ansvar å gje framtidas lærarar desse dugleikane. Difor meiner Senterungdomen at sidemålsdidaktikk og opplæring i sidemål må få større plass i lærar- og lektorutdanninga. Det vil gje komande lærarar kunnskapen og dugleiken dei treng for å gje elevar undervisninga dei har krav på, og med det også betre bokmålselevar sine haldningar til sidemålet sitt. Slik løyser vi opp den vonde sirkelen i sidemålsundervisninga.
Senterungdomen vil:
-
styrkje delen om sidemål og sidemålsdidaktikk i lærar- og lektorutdanninga
-
styrkje kompetansen i nynorsk og bokmål i lærar- og lektorutdanninga, slik at ferdigutdanna lærarar er i stand til å undervise på begge målformer, også i andre fag enn norsk
-
at lærarstudentar sin kompetanse i både nynorsk og bokmål skal kome fram på vitnemålet etter enda utdanning
-
auke toleransen og forståinga mellom komande generasjonar av nynorsk- og bokmålsbrukarar, gjennom å setje det på dagsorden i lærarutdanninga
Vedtatt av senterungdommens landsstyre april 2016.