Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Gode lærarar gir trygge elevar

27.02.2018

Ein god lærar er den viktigaste faktoren til kunnskap og utvikling hjå elevane. Læraren må både kunne fagstoffet sitt, og greie å sjå kvar elev som enkeltindivid. Regjeringa har innført nye kompetansekrav for allmennlærarar med tilbakeverkande kraft, trass i at det er stor lærarmangel. Dette fører til at fleire tusen lærarar vert avskilta og ikkje får undervise meir, uansett kva erfaring og kompetanse dei har. Senterungdomen meinar at praktisk yrkeserfaring og kunnskap ikkje kan målast i formell utdanning på papiret. I tillegg er det vedteke at ved opptak til lærarutdanning skal det vere krav til karakter 4 i praktisk matte, uavhengig av kva fag du skal undervise i. Dette fører til at fleire som eigentleg ynskjer å bli lærarar ikkje får høve til dette på grunn av ein mattekarakter, sjølv om dei skulle ha undervist i heilt andre fag enn matematikk. 
 
Norsk skulekvardag er vidare prega av stor grad av rapportering og skjemavelde. Lærarar får ikkje tid til å utføre oppgåva som er meint, nemleg å undervise elevane i klasserommet. I ein situasjon der lærarmangel allereie er eit problem, blir rapporteringa og skjemaveldet endå meir øydeleggande for alle partar. Senterungdomen har tillit til at lærarane veit best korleis yrket deira fungerer, og ynskjer å gje lærarane meir tid og rom til å undervise framfor å rapportere om alt og ingenting.  
 
Senterungdomen vil derfor:

  • at kompetansekravet for å undervise i fag ikkje skal ha tilbakeverkande kraft for allmennlærarar  
  • endre kravet om karakter 4 i matte for lærerstudenter til et krav om karakteren 4 i faget man skal undervise i. 
  • gje lærarar meir tillit framfor rapportering og skjemavelde