Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Ein ruspolitikk til det beste for alle

26.05.2020

I 2018 blei det satt ned eit rusreform-utval for å førebu gjennomføringa av rusreforma. Utvalet sitt forslag er no ute på høyring, og endeleg vedtak om ny ruspolitikk skal fattast i Stortinget våren 2021. Det sentrale i rusreforma er at ansvaret for å følge opp bruk og besittelse av illegale rusmiddel til eiget bruk skal flyttast frå justissektoren til helsetenesta. Det er brei politisk semje om at rusavhengige skal behandlast som sjuke, og ikkje kriminelle. Det er riktig og viktig at rusavhengige vert følgt opp av helsetenesta, og at politiet sine ressursar vert retta meir mot seljarar enn brukarar. Senterungdomen difor at kommunen si verktøykasse må styrkast, slik at ein kan tilby gode nok tilbod innanfor avrusing, tilrettelagde arbeidstiltak og eigna bustad. Det er i tillegg viktig at ein har eit system som tek i mot personar som blei skrive ut av fengsel. Dessutan må det betre ordningar for dei pårørande, til dømes samtaletilbod eller anna bistand.

Vi skal ta vare på dei som er tungt avhengige, men vi har samstundes eit ansvar for å beskytte samfunnet elles frå den same problematikken. Senterungdomen er uroa for kor langt utvalet sitt forslag går i å tappe samfunnet for sanksjonar i møte med rus. Rusreformutvalet foreslår at personar som vert tekne med eit gitt mengde narkotika, skal få pålegg om å møte ei kommunal rådgjevingsteneste. Det er heilt frivillig om ein vel å møte opp eller ikkje. Dette vil i verste fall kunne bety at ein mindreårig kan takast med fem gram kokain, fem gram amfetamin, én desiliter GHB og 15 gram hasj i lomma utan at det medfører reelle konsekvensar. Senterungdomen meiner at det er uklokt med ei oppfølging utan reelle forpliktingar. Ruskontrakter tilbys i ulik grad i fylkene i Norge, Ruskontrakt gjelder at unge mellom 15 og 18 år som blir tatt for besittelse eller beruset tilstand av narkotika skal bli tilbudt en ruskontrakt.

Ungdommer tatt for besittelse eller bruk av narkotika som signerer en ruskontrakt forplikter seg til å være rusfri i to år der de blir testet jevnlig. Ved å signere og følge en slik ruskontrakt slipper de å få det på rullebladet. Svekket rulleblad kan ha mange konsekvenser, blant annet forsinkelse i oppkjøring, begrensning i valg av yrke eller reise til land som USA. Trøndelag er eneste fylket der alle i denne alderen som blir tatt med bruk eller besittelse skal tilbys en ruskontrakt, mens i andre fylker kan de bli tilbudt en slik kontrakt. Ruskontrakter er et samarbeid mellom ungdommen, vgs skoler, kommunene og lensmannskontor. I Trøndelag har dette hjulpet over 50 ungdommer de siste årene, det kommer frem at det å slippe å få svekket vandel er stor motivasjon for de som signerer en slik kontrakt. Det at de er på en slik kontrakt gjør også at de har en forklaring på å si nei om de blir tilbudt narkotika. Blir rusreformen vedtatt slik den ligger i dag vil dette tilbudet opphøre. Senterungdommen mener dette er et viktig bidrag til å få ungdom bort fra rus og ønsker å videreføre og videreutvikle ordningen. Med ei overføring frå justissektoren, vert ansvaret i realiteten flytta over på kommunane.

Utvalet legg likevel ikkje opp til auka løyvingar til kommunane.  Å gjennomføre ei slik avkriminalisering kan verke mot si hensikt. Forbod har ein allmennpreventiv effekt. Vi må ha ein narkotika-politikk som skil mellom tungt avhengige, og personar utan avhengigheitsproblem.

Senterungdomen vil: 

  • Erverv og sal av narkotiske stoff skal framleis vere ulovleg.
  • Ha eit førebyggingsløft i form av mellom anna informasjonskampanjar og Undervisningsopplegg. 
  • At rusavhengige skal følgast opp i helsevesenet. 
  • Styrke overføringene til kommunene for å sikre tilstrekkelig oppfølging av rusavhengige og de som blir tatt med narkotiske stoffer uten å ha et avhengighetsproblem, samt ivaretakelse av pårørende. 
  • Styrke overføringane til kommunane for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dei som vert tekne med narkotika. 
  • Senke terskelverdiane for brukardosar. 
  • Innføre sanksjonar ved manglande oppmøte til samtale med rådgjevar. 
  • Innføre inntektsbasert gebyr for rekreasjonsbrukarar. 
  • Vidareføra ordninga med ruskontrakt som alternativ til å få bruk eller besittelse av narkotika på rullebladet. Alle mellom 15 og 18 år som blir tatt for besittelse eller bruk av narkotika skal tilbydast ruskontrakt.
  • Gje betre oppfølging til innsatte i fengsel med rusproblem. Etter soning bør det både gjeve hjelp i form av behandling, aktivitetstilbod og bustad om naudsynt.
  • Styrke tilbodet for rusavhengige i kommune og helseføretak, med særleg fokus på avrusing, tilrettelagd aktivitet og arbeid og eigna bustad.
  • Utføre prøveprosjekt med Housing First i fleire kommunar.