40 år med sjølvbestemt abort

No, 40 år seinare, står lova om sjølvbestemt abort støtt i Senterungdommen og Noreg. Dette såg vi mellom anna i 2014 når ei utviding av reservasjonsretten var diskutert. Forslaget ville at legar skulle kunne reservere seg mot å henvise til abort. Det folkelege engasjementet var stort og forslaget fall. Ingen kvinner skal kjenne seg avvist ved ein førespurnad om abort
Sjølvbestemt abort var ei viktig steg i kvinnefrigjeringa og heile samfunnsutviklinga i Noreg. Saman med lova har vi fått kunnskap om forplantning og prevensjon, og vi har fått helsestasjonar for ungdom der både informasjon og statleg subsidierte prevensjonsmiddel er tilgjengelege. Samfunnet har vorte opnaren, friare frå skam samstundes med at velferda har auka.
Det er rart å tenkje på at lova gav så stor splitting og strid som den gjorde på 70-talet, men avstemminga i Irland den siste tida har vekt dei same stridene. Irland har hatt ei av Europas strengaste abortlover og irske kvinner har reist til nabolanda for å få tatt abort. I Irland har vi heldigvis sett at motstandarane har falle frå, ein etter ein, og ved folkeavrøysting i helga sa heile 66 % av irane sa ja til å fjerne eit lovtillegg som sa at eit ufødd born har like stor rett til liv som moren. Ei ny abortlov vil bli innført og det er venta at den vil likne den norske. Men, sjølv om dette kjem på plass for Irland så pågår fortsatt kampen om sjølvbestemt abort mange stader. Slik som i Nord-Irland er det fortsatt ulovleg med abort, sjølv etter valdtekt. Nord-Irland er eitt av mange land fortsatt langt å gå i kvinnefrigjeringa og vi må stå opp for at kvinner i desse landa skal få rett til sjølvbestemt abort slik vi fekk for 40 år sidan!