Gå til hovedinnhold

Styrk symjeopplæringa

Ein av dei viktigaste tinga born lærar på skulen er å symje. Symjeopplæringa handlar ikkje berre om liv og helse, men og om meistring, inkludering og like moglegheiter.

I dag er det store skilnadar mellom kommunar og skuler når det gjeld tilgang til basseng, reiseavstandar, økonomi og kompetanse. Mange elevar får for lite tid i vatn, og for mange går ut av grunnskulen utan tilstrekkelege symjeferdigheiter og tryggleik i vatn. Dette rammar særleg born som ikkje har mogleg til å lære å symje utanom skulen, anten det er mangel på fritidstilbod eller av økonomiske grunnar. 

Ein føresetnad for god symjeopplæring er at lærarane har nok kompetanse og eit godt grunnlag for å lære vekk. Difor meiner Senterungdomen det er på tide å gje symjing ein større plass i utdanninga av kroppsøvingslærarar slik at vi sikrar kompetente lærarar som er trygge på kunnskapen dei skal lære vekk. 

Senterungdomen meiner det er viktig å styrkje symjeopplæringa. Den må vere mogleg å gjennomføre i heile landet, og der avstandane er store og bassengkapasiteten avgrensa. Vi treng eit likare tilbod i heile landet som sikrar symjeferdigheit og tryggleik i vatn. 

Senterungdomen vil: 

  • Gje symjing større plass i utdanninga til kroppsøvingslærarar 

  • Leggje til rette for jamleg kursing for kroppsøvingslærarar 

  • Halde på kompetansekrava til symjeopplæringa 

  • Øyremerke tilstrekkeleg med midlar til symjeopplæring samt kompensere for ekstra utgifter til reise, leige eller bemanning. 

  • Innføre krav om tal på kor mange timar i kroppsøving som skal gå til symjeopplæring 

  • Styrkje samarbeidet mellom skule og Redningsselskapet og RS Ung for å gje fleire elevar praktisk opplæring i livredning, sjøtryggleik og ferdsel i vatn