Meny
Bli medlem
Styrk forsvaret av verdensrommet 

Nytt system for kvalitetstilskot på lam

23.04.2024

 

Dagens system for utbetaling av kvalitetstilskot er slik at lammet må oppnå klasse O+ i kvalifiseringssystemet EUROP. Det er ingen krav på slaktevekt til lam, noko som betyr at eit lett slakt på til dømes 13 kg, kan oppnå same kvalitetstilskot som eit slakt på 22 kg. Kvalitetstilskotet er i dag på 545 kr per dyr. Dette stimulerer ikkje til å produsere så store dyr som mogleg, og er dårleg ressursutnytting. 

Det er forskjell i tilvekst og slaktevekt på dei ulike rasane, og ein kan ikkje forvente at gamalnorske rasar skal oppnå same vekt og klasse som langhala sau, men det er i dag alt for mange lam som er små når dei kjem til slakteria. Små slakt kan indikere forbetringspotensial i drifta. Det betyr også større slaktekostnadar per kilo kjøt for slakteria, då det kostar like mykje å slakte eit lam på 13 kg og 22 kg. Ein kan også dra ei line mellom dyrevelferd og slaktevekt. 

Derfor meiner me at ein må gjere om på utbetalingsvilkåra for kvalitetstilskot, slik at meir av tilskotet tilfell dei som legg vekt på god dyrevelferd og god produksjon per sau, uavhengig av rase. 

 

Senterungdomen meiner difor at: 

 

  • Kvalitetstilskotet skal betalast med 40 kr per kg 
  • At minstekrav på slakteklasse skal senkast frå O+ til O