Strengare rovviltforvalting
Senterungdomen er tydelege på at beitenæringa skal prioriterast, og at ein må sikre raskare uttak av rovvilt når det vert rapportert og dokumentert tap av beitedyr til rovvilt. Bestandsmåla i Stortinget sitt rovdyrforlik skal handterast som ei maksgrense for talet på dei ulike rovdyra. Særleg for ulv vert nokre individ peikt ut som særleg genetisk viktig, Senterungdomen meiner det ikkje er Noreg sin jobb å ta vare på ulv som har vandra inn frå nabolanda våre.
Nokre stadar vert det og meldt om tap av beitedyr til ørn, difor meiner Senterungdomen det er på tide å opne for lisensfelling. Kongeørna er særleg ei utfordring for tamreinen, der kring 6-800 tamrein vert erstatta som følgjer av dokumentert tap til kongeørn kvart år.
Senterungdomen vil:
- Innføre automatisk skadefellingsløyve i beiteprioritert område så fort tap er dokumentert
- Ta ut alt rovvilt utover bestandsmåla
- Opne for lisensfelling på Ørn
- Utvide lisensfellinga slik at bestandsmåla er moglege å nå
- Tillate skadefelling på genetisk viktige individ
- Nullvisjon for ulv