Gå til hovedinnhold

Ny retning for jerven

I dag er Jerven raudlista! Dette på tross av yngletal langt over bestandsmålet. Senterungdommen godtek ikkje at staten freda jerven, når den herja med dyra på utmarksbeite!

I 2022 vedtok stortinget eit bestandsmål på 39 jerveynglinger årleg. Sidan 2023 har det gjennomsnittleg vore registrert 58,1 ynglingar i året på landsbasis: dette er kun dei registrerte! Det tyda på at jerven lev eit godt liv der dei ferdast.

Jerven sitt bestandsmål er satt for å værne om tamrein og sau. Eksempelvis rundt reinheimen er det meldt store tap av sau, som medføra gardsnedleggelser grunna dårleg oppfølgjing, byråkrati og eit politisk apparat ein ikkje når fram i – dette kan vi ikkje godta! I Reinheimen ferdast også villreinen, i raud sone, utan at vi veit kor skade jerven gjer. 

På tross av rekordhøgt uttak av jerven det siste året er det fortsatt behov for ekstraordinære uttak, då jerven er vanskeleg å jakte på. Ved betre forvaltning av jerven, med aktive uttak for å sikre at ikkje bestandsmålet overskrid, gagna det både beitenæring og villreinen. Ei aktiv forvaltning vil også gagne jegeren, og derav staten, i lengda. 

Jerven viser gode yngletall, dette gjenspegla at ynglesonane er utdaterte og at jervepolitikken treng ei ny retning: Fjern dei jerveprioriterte sonene, og fjern jerven frå raudlista! 

Både beitenæringa og villreinen lid store tap til jerven. Både lokalt, regionalt og najsonalt jobbast det for å betre leveområda til villreinen - dette må rovdyrpolitikken også gjenspegle. 

Senterungdommen godtek ikkje at staten lønna jerven med mat, framfor bonden sitt levebrød! Vi kan ikkje akseptere at staten legg føringar for lokalbefolkninga i villreinens namn, samstundes som rovdyra får fri tilgang på villreinen. 

Senterungdommen vil: 

  • Ta ut alle overfladiske ynglingar uavhengig av lisensfellingskvote så lenge det nasjonale bestandsmålet på 39 ynglingar er nådd. Bestandsmål er øvre grense, med takhøgde for ynglingane som ikkje blir oppdaga og registrert. 

  • Skrote dei jervprioriterte sonene. 

  • Sikre effektivt uttak av jerven i dei beiteprioriterte områda. 

  • Sikre at jerven ikkje bidreg til forverring av villreinområda, både av lokal, regional og nasjonal interresse. 

  • Fjerne jerven frå raudlista.