Gå til hovedinnhold

Nei til årleg EU-kontroll for bilar over 10 år

EU-kommisjonen har lagt fram forslag til endringar i regelverket for utrangerte køyretøy, der eitt av punkta inneber krav om årleg EU-kontroll for alle person- og varebilar over ti år. Dette er ei endring frå dagens ordning, der kontrollen skjer kvart andre år.

Forslaget vil føre til auka kostnader og meir administrativt arbeid for bileigarar som har valt å halde eldre køyretøy i drift. Samstundes vil det skape ytterlegare press på bilverkstadene, som i mange område allereie har utfordringar med kapasitet og ventetid. Ei slik endring kan svekkje insentiva for å ta vare på og vedlikehalde eldre bilar, og i staden fremje ei utvikling der bruk og kast blir normen. 

Senterungdommen vil:

  • Seie klart nei til EU-kommisjonens forslag om årleg EU-kontroll for person- og varebilar over ti år. 

  • Arbeide for at Noreg ikkje innfører dette kravet, sjølv om det skulle bli vedteke i EU. 

  • Fremje bilpolitikk som støttar vedlikehald og gjenbruk framfor bruk og kast. 

  • Sikre at tekniske kontrollordningar er tilpassa faktiske behov og ikkje påfører bileigarar unødvendige kostnader.