Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Nasjonal tryggleik er inga importvare

21.10.2021

Legemiddelmangel har vore eit tilbakevendande tema dei siste åra. Helsedirektoratet la i 2018 fram ein rapport som syner at aukande og gjentakande legemiddelmangel nasjonalt og globalt har gjort tilgangen på legemiddel meir sårbar, noko som går utover pasienttryggleiken. Koronapandemien har ytterlegare aktualisert tematikken.

I dag er legemiddelproduksjon ekstremt sentralisert. Om lag all produksjon av verdas legemiddel og nødvendige råstoff for produksjon, vert laga i Kina og India. Det gjer at verdas tilgang på legemiddel er utsett for geopolitiske svingingar og naturkatastrofar. 

Pandemi har vore og er framleis eit sannsynleg krisescenario i følgje Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Legemiddelmangelen er framleis reell. Noreg må bygge opp ein beredskap som er rusta til å imøtekome framtidige helsekriser på ein trygg måte. Koronakommisjonen sin rapport understrekar dette. Kommisjonen tek til orde for å etablere beredskapslager for legemiddel og smittevernsutstyr for å ruste oss for framtidige pandemiar.

Når alt kjem til alt, koker tilgangen til basisvare ned til eit enkelt spørsmål: Skal vi tru at den internasjonale marknaden reddar oss når kriser inntreff, eller skal vi førebu oss på at den ikkje gjer det? Senterungdommen meiner vi ikkje kan basere det norske folk sin tryggleik på at dei internasjonale marknadskreftene alltid vil redde oss.

For å betre tilgangen til naudsynte legemiddel nasjonalt og globalt, bør Noreg bygge opp eigenproduksjon. Som eit minstekrav må vi ha eigenproduksjon av sentrale legemiddel. Dette vil bidra til å stryke den norske legemiddelberedskapen, samt frigjere ressursar som kan redde liv i land som ikkje har same økonomiske føresetnadar som Noreg. 

Senterungdomen vil:  

  • Auke produksjon av legemiddel i Noreg 
  • Bygge opp beredskapslager av legemiddel, smittevernutstyr og medisinsk-teknisk utstyr i Noreg  
  • At Noreg tar initiativ til eit beredskapssamarbeid for legemiddel og med dei andre landa i Norden 

Vedtatt av Senterungdommens landsstyre oktober 2021.