Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Ja til at mikrobryggeri og vinprodusentar får selje sine eigne varer

16.01.2024

I dag har ikkje mikrobryggeri og druevinprodusenter lov til å selja anna enn varer med under 4,75% alkohol.

Sider og mjødprodusentar har lov til å selje sterkare produkt, opp til 22%. Eplebønder får lov å selje eigen sider, og vinprodusenter som produserer på andre frukter/bær får lov til å selje eigen vin, blant anna fordi den er produsert med epla dei har produsert på garden. Mikrobryggeri derimot, får ikkje lov å selja eige sterkøl produsert på lokalt korn. Det same gjeld dei som produserer vin laga på druer.

EØS-avtala står i vegen for at vinbønder får selja vin laga på druer frå eigen gard. Vin laga på bær derimot – det er heilt greitt. Hjå Norske druedyrkerar er det registrert 50 vingardar frå Mandal i sør til Foldereid i Midt-Norge. Det er mellombels uvisst kor langt EØS-regelverket strekk seg, og kva som er lovleg og ikkje. Andre land omfatta av det same regelverket, som Finland som òg at monopolisert alkoholsal, tillèt sal av vin frå eigne gardar. Ei utgreiing gjort av advokatfirmaet Kruge, på vegner av bryggjeri- og drikkevareforeininga i 2021, kom fram til at direktesal av sterkøl direkte frå mikrobryggjeri er innanfor EØS-regelverket, med nokre avgrensingar. Noreg framtrer dessverre alt for ofte som "flinkest i klassen", sjølv om me står utanfor EU. Norske styresmakter må i større grad tora å føra ein meir sjølvstendig politikk. Det verste som kan skje i denne saka, er at me må reversereordningen, og gå tilbake til dagens ordning.

Moglegheit til å avgrensa direktesal frå eigen produksjon er viktig for bransjen.

Senterungdomen meiner difor at:

  •   Mikrobryggeri skal få selje eigeprodusert øl også over 4,75%
  •   Norske vingardar skal få selje eigeprodusert vin opp til 22%
  •  Det vert berre opna for eitt utsal frå kvar produsent, og utsalet må liggje i tilknyting til produksjonsstaden

Vedtatt i januar 2024 av landsstyret