Gå til hovedinnhold

Halver våpengebyra

I Noreg er det lange tradisjonar for skyting og jakt, og tettleiken av våpen per innbyggjar er høg. Jamvel har vi ein god våpenkultur som Senterungdomen meiner det er viktig å oppretthalde. Norges Jeger- og Fiskerforbund, Det Frivillige skyttervesen og Norges skiskytterforbund er viktige arena for trygg våpenopplæring.

Sjølv om fleire av våpensøknadane er digitaliserte er sakshandsamingstida uhaldbar. I enkelte politidistrikt er det en særdeles lang sakshandsamingstid på både digitale- og papirsøknader, kor den kan være på inntil 40 veker. Når søknadsprosessen mellom anna krevjar at ein oppgjer kva våpen ein søkjer om å få kjøpe kan ikkje sakshandsamingstida vere så lang. Ein så lang sakshandsamingstid kan medføre vanskar for både jegerar og skyttarar å planlegge sine aktivitetar, og i verste fall at ein må vente større delar av jakt eller konkurransesesongen. Videre bør ein kunne forvente at ein digitalisering fører til meir effektiv handsaming av søknadane, og ikkje ei digital vidareføring av den lange tida for sakshandsaming.  

Senterungdomen meiner det er viktig å oppretthalde ein streng våpenlov. Samstundes må vi sørgje for at ein unngår både unødige lange saksbehandlingstider og dyre gebyr for å søkje om erverv av våpen. Jakt og skyting er i seg sjølv allereie kostbart. For at kunnskapen om våpen og trygg våpenopplæring skal oppretthaldast og vere tilgjengeleg for folk flest, kan ikkje unødige høge kostnadar gjere terskelen enda høgare. 

Senterungdomen vil: 

- Stanse AP-regjeringa sitt forslag til auke i gebyra for våpensøknadar 

- Halvere gebyra på våpensøknadar 

- Gje politiet meir ressursar for raskare handsaming av våpensøknadar 

- Arbeide for at sakshandsamingstida ikkje skal overstige 4 veker 

- Tilbakebetaling (evt. Reduksjon) av gebyret dersom tida for sakshandsaming går utover rimeleg tidsbruk