Gå til hovedinnhold

Fleire nærskuler!

Senterungdomen meiner at skulen skal gje alle elevar moglegheit til å lære, meistre og utvikle seg, uavhengig av bakgrunn og kvar i landet dei bur. Skulen skal vere ein trygg arena for læring og fellesskap, men òg førebu elevar på vidare utdanning, arbeidsliv og livet som samfunnsborgarar. For å få til dette må skulen vere ein stad som motiverer til læring, og som tek omsyn til at elevar har ulike føresetnader.

Norske elevar presterer dårleg på PISA-undersøkingane. Grunnane til dette kan vere mange og samansette. Senterungdomen meiner det er viktig at elevane har gode skuler nær seg med trygge og kompetente lærarar som gjev dei tilstrekkeleg med kunnskap. Over heile landet ser vi at skuler vert lagt ned, og slått saman. Senterungdomen ser med bekymring på utviklinga der stadig fleire og yngre elevar må nytte meir tid på buss til skulen, og endar opp med urimeleg lange dagar.  

I tronge økonomiske tider for mange kommunar vert det ofte gjort strukturelle grep. Det ynskjer Senterungdomen å motvirke gjennom betra tilskot til kommunar som opnar, eller opprettheld skuler med under 80 elevar. Senterungdomen meiner at ein god skulepolitikk handlar om meir enn å sjå elevane som tal og budsjett. Elevane må bli sett som heile menneske, og skulen må ha gode verktøy for å hjelpe elevar som slit med fråvær, motivasjon eller press. Ein sentral del er å ha nok kvalifiserte lærarar i klasserommet. Senterungdomen meiner nærskulene er nøkkelen til at fleire elevar i norske klasserom skal bli sett og få  lukkast!

Senterungdomen vil: 

- Gje dobbelt grunnskuletilskot til kommunar som opnar nye nærskuler, og til kommunar som har skuler på under 80 elevar. 

- Vidareføre lærarnormen. 

- Ha som mål å åpne og gjenåpne til sammen 100 nærskoler.   

- Opprette nasjonalt investeringsfond for bygging av nye grendeskoler 

- Styrkje oppfølginga av elevar med høgt fråvær, og sikre at skulen først og fremst møter fråvær med oppfølging, tilrettelegging og tiltak som kan hindre fråfall 

- Gjer det ulovlig for kommunene å stryke skuler i økonomiplanen. Hvis en skole skal legges ned så skal det skje i skolebruksplanen. 

- Sikre statleg finansiering av skular med eit særskilt ansvar for samisk språk og opplæring som i dag ikkje er finansierte over statsbudsjettet.