Gå til hovedinnhold

VESTLAND SENTERPARTI ER PÅ JAKT ETTER ORGANISASJONSSEKRETÆR I EI 100% STILLING

ledig-stilling

Er du ein kreativ, sosial, resultatorientert, aktiv og samfunnsinteressert person? Og deler du Senterpartiet sitt verdigrunnlag og samfunnssyn? Då er dette stillinga for deg!

Stillinga er allsidig og du vil utgjere ein viktig del i å bygge organisasjonen. Du vil også få høve til å bli godt kjend i heile fylket. Stillinga omfattar arbeid for både Sogn og Fjordane Senterparti og Hordaland Senterparti samt fylkestingsgruppa i Vestland Senterparti. Du vil bli ein del av eit aktivt politisk miljø der du får delta i samfunnsutviklinga i Vestland. Du vil inngå i eit lag saman med fylkessekretærane der hovudoppgåva er å byggje Senterpartiet vidare for framtida.

Arbeidsoppgåver:

  • Sekretær for fylkestingsgruppa i Vestland Senterparti
  • Sekretær for Senterungdommen i begge fylkesdelslag (Sogn og Fjordane og Hordaland)
  • Sekretær for Senterkvinnene i begge fylkesdelslag (Sogn og Fjordane og Hordaland)
  • Bidra i planlegging og gjennomføring av møter, kurs og samlingar i samarbeid med fylkessekretærane i Hordaland og Sogn og Fjordane 
  • I samarbeid med dei andre tilsette, planlegge og gjennomføre valkamp
  • Bistå med variert arbeid på fylkeskontora
  • Vere nettredaktør for nettsider og sosiale medium samt pressekontakt for fylkestingsgruppa
     

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning er ynskjeleg, men relevant erfaring for stillinga vil også bli vektlagt
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Erfaring frå medie- og politisk/organisatorisk arbeid er ynskjeleg, men ingen føresetnad

Personlege eigenskapar:

  • Deler Senterpartiet sine grunnverdiar og har eit sterkt samfunnsengasjement
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • God til å skape relasjonar
  • Strukturert, målretta og sjølvstendig

Senterpartiet kan tilby:

  • Tett samarbeid med engasjerte frivillige og tilsette
  • Gruppelivsforsikring og pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Reise og diett vert dekka etter staten sitt regulativ

Oppstart: Snarast

Arbeidsstad: Me har fylkeskontor på Sandane og i Bergen, samtidig tilbyr me fleksible løysingar med til dømes bruk av heimekontor og oppmodar personar med bustad kor som helst i Vestland fylke til å søkje.

Grunna ein del reiseverksemd må søkjaren ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.

Stillinga vil innebere noko kvelds- og helgearbeid.

For nærare opplysningar om stillinga:

Fylkessekretær i Sogn og Fjordane (påtroppande), Torunn Flatjord: tf@sp.no / 416 26 602

Fylkessekretær i Hordaland, Sølvi Kobbeltvedt, sk@sp.no /  920 55 789

Søknadsfrist: måndag 24. oktober
CV og søknad sendast til stilling@sp.no