Sentralstyret i Senterungdomen vil veldig gjerne taka HEILE Noreg i bruk, og da ogso når ein skal ha eigne møte. Difor vil sentralstyret ut i landet å avhalda den 9. til 11.juni eit sentralstyremøte ute i landet. Men då er spørsmålet kor ska vi reis hen?
Me oppmodar difor alle lokallag og fylkeslag til å senda oss inn ein søknad om å få arrangera sentralstyret ut i landet! Søknadsfristen er 5.mai, og vert send til generalsekretær Henrik Hageland på heh@sp.no.
Tips til søknad:
Kvifor skal sentralstyret koma på besøk til akkurat DITT lokalmiljø i juni? Har de di finaste fjelltoppane, den beste pizzaen eller den beste verksemda i mils omkrins? Eller rett og slett berre er supergira på besøk frå sentralt i juni? Skriv oss ein søknad då vel!
Sjølv om me skal vitja dykk i lokallaget vil det ogso vera møtehelg for sentralstyret som står på agendaen. Det tyder i hovudsak at me treng eit møtelokale, samt at heile helgi utanom halve laurdagen vert held av til sakshandsaming. Som då tyder at de i lokallaget har halve laurdagen til rådigheit for å visa oss i sentralstyret den flotte plassen dykkar.
Med dette i tankane bør ein søknad innehalda:
- Kvifor bør me koma til ditt lokalmiljø?
- Forslag til møtelokale og overnatting for sentralstyret (legg ogso gjerne med tilgjengelegheit mtp transport osb.)
- Kva vil de visa oss? Altso tips til program halve laurdagen.