Meny
Bli medlem
Utlysning SST ut i landet

Utlysning SST ut i landet

Sentralstyret i Senterungdomen vil veldig gjerne taka HEILE Noreg i bruk, og da ogso når ein skal ha eigne møte. Difor vil sentralstyret ut i landet å avhalda den 10. til 12.juni eit sentralstyremøte ute i landet. Men då er spørsmålet kor ska vi reis hen?

Publisert: 08.04.2022

Me oppmodar difor alle lokallag og fylkeslag til å senda oss inn ein søknad om å få arrangera sentralstyret ut i landet! Søknadsfristen er 10.mai, og vert send til generalsekretær Henrik Hageland på heh@sp.no.

Tips til søknad:

Kvifor skal sentralstyret koma på besøk til akkurat DITT lokalmiljø i juni? Har de di finaste fjelltoppane, den beste pizzaen eller den beste verksemda i mils omkrins? Eller rett og slett berre er supergira på besøk frå sentralt i juni? Skriv oss ein søknad då vel!

Sjølv om me skal vitja dykk i lokallaget vil det ogso vera møtehelg for sentralstyret som står på agendaen. Det tyder i hovudsak at me treng eit møtelokale, samt at heile helgi utanom halve laurdagen vert held av til sakshandsaming. Som då tyder at de i lokallaget har halve laurdagen til rådigheit for å visa oss i sentralstyret den flotte plassen dykkar.

Med dette i tankane bør ein søknad innehalda:

  • Kvifor bør me koma til ditt lokalmiljø?
  • Forslag til møtelokale og overnatting for sentralstyret (legg ogso gjerne med tilgjengelegheit mtp transport osb.)
  • Kva vil de visa oss? Altso tips til program halve laurdagen. 

Relaterte personer

Henrik Hageland

Henrik Hageland

Generalsekretær

Varslinger utenfor kontortid rettes til +47 977 88 775
Telefon: +47 412 63 925