Utlysing: Sommarleiren 2020
Sommarleiren er ein viktig arena for både nye og gamle medlemmar for å få god politisk skulering, og som ein sosial møtesplass. Med den nye modellen opnar det òg for eit mykje større lokalt preg på leiren, noko som vil gi deltakarane gode minne og opplevingar frå heile landet!
Det blir lagt opp til at fylkeslaget som vert tildelt leiren får stor innverknad på programmet og leiren, men nokre kriteria ligg til grunn for utdelinga. Mellom anna har me eit minimumstak for kor mange overnattingsplassar det må vere, samt ulike krav til kva som må vere tilgjengeleg på staden. Dette står meir spesifikt i søknadsskjemaet.
Me ser fram til mange gode søknadar, og gler oss til å annonsere arrangør for 2020 på sommarleiren i år.
Søknadsfristen er 26. mai, og søknadane (og eventuelle spørsmål) skal sendast pi@sp.no, og med rhaa@sp.no i kopi.