Steffen Fjellestad vald som ungdomskandidat i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Senterungdom har vald Steffen Fjellestad (27) som ungdomskandidat til fylkestingsvalet i 2027.
Fjellestad er utdanna veterinær og engasjert i utviklinga av sterke lokalsamfunn i heile fylket. Han ønskjer å bidra til eit levande og berekraftig Sogn og Fjordane, der folk har tilgang på gode tenester uavhengig av kvar dei bur.
- Eg ynskjer å arbeide for gode lokalsamfunn med gode og desentraliserte tilbod og tenester i heile fylket. Fylkeskommunen er viktig for utvikling, og skal vere ein lagspelar.
Fylkeslaget har stor tru på den nye ungdomskandidaten, og trekkjer fram både fabakgrunnen og engasjementet hans som viktige styrkar inn i valkampen. Jonas Haugsbø, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Senterungdom seier:
- Steffen representerer ei røyst for eit sterkt engasjement for distrikta. Vi er trygge på at han vil vere ein god kandidat som kan løfte viktige saker for ungdom og lokalsamfunn i fylket.
Fylkeslaget ser fram til valkampen og til å arbeide saman med Fjellestad fram mot fylkestingvalet i 2027.
Spørsmål eller vil ta kontakt?
Jonas Haugsbø 976 26 863
Steffen Fjellestad 41657463