Meny
Bli medlem
Søkja på årets frifondmiddel

Søkja på årets frifondmiddel

Har de i lokallaget ein genial ide om korleis samla ungdom til eit arrangement? Ynskjer de middel til å arrangera pizzakveld, stå på stand eller kanskje ha ein nyttetur der ein samlar ungdom frå nærmiljøet? Då er det berre å søkja på årets frifondmiddel.

Publisert: 16.09.2022

Kvart år mottek Senterungdomen ein gjeven sum frå LNU, som er øremerkt til aktivitet i lokallagi våre. Hovudmålet er å gjeva stønad til aktivitet blant unge rundt om i landet, og midla kan brukast på ulike aktivitet i regi av lokallagi. Ein viktig deil av fokuset er at ein skal engasjera ny ungdom til å deltaka på aktivitetar og difor er det viktig at arrangementet er opent for den som måtte ynskja å koma.

Når det kjem til kva ein kan søkja middel det er det so og seia berre fantasien so sett grenser, har ein ein god plan for aktivitet er det berre å smella inn ein søknad til oss! Søknaden vil sjølvsagt verta handsama i trå med LNUs retningsliner for Frifond, saman med Senterungdomens interne retningsliner. Dette gjev nokre avgrensingar i kva ein kan bruka middel på som: alkohol, bruk utanføre Noreg osb.

All informasjon om korleis ein søkjer, når fristen for å søkja er og anna finn du på nettsidene våre: Frifond - Senterungdommen.

Og skulle det vera nokre spørsmål er det berre å retta desse til generalsekretær, Henrik Hageland på heh@sp.no.

Relaterte personer

.

.

Generalsekretær

Relaterte saker

Frifond

Her finn du viktig informasjon om korleis ditt lokallag kan søkja om frifondsmiddel til aktivitet. Me vil frå og med mars 2024 behandla søknader éin gong i månaden og difor er det viktig at du sender inn i god tid føre arrangementet skal vera. Merk at søknader som vert send inn vert behandla den påfylgjande månaden. So søknader som kjem inn i april vert handsama i starten av mai.  Set deg godt inn i både retningsliner, samt søknads- og rapportskjema føre du søkjer. Har du spørsmål finn du kontaktinformasjon i botn av sida.