Søk Politisk Utval og vær med å forme framtidas politikk!
Vil du vere med på å utvikle Senterungdomen sin politikk vidare? Då er politisk utval noko for deg!
Politisk utval søkjer deg som tek initiativ, arbeider godt sjølvstendig og tenkjer nytt. Det komande arbeidsåret skal utvalet skrive debattperm til skulevalkampen, levere resolusjonar til Sentralstyremøte og Landsstyremøte samt arbeide for å påverke Senterpartiet sin politikk. Det er ein unik moglegheit til å påverke Senterungdomen sin politikk, få nye erfaringar og ikkje minst bli kjent med nye folk!
I søknaden kan du godt skrive litt om:
- Kven du er (namn, alder, fylke)
- Kvifor du ønskjer å vere med i politisk utval
- Kva du vil bidra med
- Kva politikkområde du brenn for
- Eventuelle andre relevante erfaringar
Fyll ut søknaden her:
Søknad til Politisk Utvalg
Dersom du har spørsmål eller noko du lurar på kring utvalet og arbeidet det komande året, ta gjerne kontakt med meg! E-post: mr@sp.no ,melding, eller telefon 95827052.
Søknadsfrist: 4. desember.
Eg håpar å sjå deg blant søkjarane!
Beste helsing Marianne Rossevatn