Søk politisk utval!
Politisk utval søkjer deg som tek initiativ, arbeider godt sjølvstendig og tenkjer nytt. Det komande arbeidsåret skal utvalet skrive nytt jordbrukspolitisk program, levere resolusjonar til Sentralstyremøte og Landsstyremøte samt arbeide for å påverke Senterpartiet sin politikk. Det er ein unik moglegheit til å påverke Senterungdomen sin politikk, få nye erfaringar og ikkje minst bli kjent med nye folk!
I søknaden kan du godt skrive litt om:
- Kven du er (namn, alder, fylke)
- Kvifor du ønskjer å vere med i politisk utval
- Kva du vil bidra med
- Kva politikkområde du brenn for
- Eventuelle andre relevante erfaringar
Dersom du har spørsmål eller noko du lurar på kring utvalet og arbeidet det komande året, ta gjerne kontakt med meg! E-post mr@sp.no, melding, eller telefon 95827052.
Søknadsfrist: 28.november
For å søkje må du fylle ut dette skjema: Søk Utvalg i Senterungdommen! – Fyll ut skjema
Eg håpar å sjå deg blant søkjarane!
Beste helsing Marianne Rossevatn