Gå til hovedinnhold

Organisatorisk utval treng deg!

4

Vil du vere med å forme Senterungdommen? Organisatorisk utval treng deg!

Dersom du har teft for organisasjon, er kreativ, strukturert og glad i å ta i eit tak – bør du søke organisatorisk utval.

Dersom du har erfaring som ung folkevalt, tankar om vidareutvikling av årshjulet til senterungdommen, og har lyst til å sette preg på arrangementa til senterungdommen – bør du søke organisatorisk utval!

Organisatorisk utval skal det neste året arrangere vårslepp og debattcamp. Me skal revidere årshjulet, og jobbe med unge folkevalde.

Me treng deg som har gode idear for organisasjonen, enten du er ny i Senterungdommen eller har lang fartstid. Dette blir eit kjekt arbeidsår –organisasjon er artig! 

Skriv litt om deg sjølv i søknadsskjemaet, tidlegare erfaringar og om kvifor du er motivert for OU.

Du kan søkje på utval gjennom denne lenka:

Søknad til Organisatorisk Utvalg

Ta kontakt dersom du har spørsmål – me vil gjerne høre frå deg!

Eg kan kontaktes på e-post: mak@sp.no

Helsing

Marit

Søknadsfrist: 4. desember 2026