Organisatorisk utval treng deg!
Har du teft for organisasjon? Er du kreativ, strukturert og glad i å ta eit tak? Har du erfaring med organisasjonsdrift eller tankar om korleis Senterungdommen skal driftas framover? Då bør du søke organisatorisk utval!
Organisatorisk utval skal det neste året arrangere vårslepp og sumarleir. Me skal også jobbe med skolering, og utvikle Senterungdommen som organisasjon. Her er det moglegheiter for å sette preg på organisasjonen og kome med nye idear til korleis Senterungdommen skal vere.
Me treng deg som har gode idear for organisasjonen, enten du er ny i Senterungdommen eller har lang fartstid. Dette blir eit kjekt arbeidsår –organisasjon er artig!
Skriv litt om deg sjølv i søknadsskjemaet, tidlegare erfaringar og om kvifor du er motivert for OU.
Du kan søkje på utval gjennom denne lenka: Søk Utvalg i Senterungdommen! – Fyll ut skjema
Ta kontakt dersom du har spørsmål – me vil gjerne høre frå deg!
Eg kan kontaktes på e-post: marit.a.k@hotmail.no
Helsing
Marit