Turen tek til hjarta av Buskerud: Sigdal!
Sentralstyret har som mål å taka heile Noreg i bruk, og i år tek turen til vakre Sigdal. Området er nokre av det meir nasjonalromantiske Noreg har å by på – og kva kjenneteiknar Senterungdomen meir enn eit bankande hjarta for nasjonalromantikken?
Målet med turen er å gjera Sentralstyret betre kjent med Buskerud – eit fylke med mykje å by på i form av kultur og natur. Sigdal kommune har mellom anna vunne fleire prisar – nyleg vann dei Noregs beste vertskapskommune for næringsliv! Modum er også heim til Buskeruds einaste vidaregåande landbruksskule.
Sentralstyret tek til Buskerud 13.-15. juni, og deltar mellom anna i Ungdomsfestivalen 2025! Her skal dei delta på paneldebatt. Det blir også ulike utfluktar i nærmiljøet.
Denne artikkelen ble først publisert 09.05.2025