Meny
Bli medlem
Politisk utval søker politiske arbeidsjern!

Politisk utval søker politiske arbeidsjern!

Sist endret: 16.11.2020

Har du lyst å legge ned ein ekstra innsats for at vi skal lukkast med å kaste Høgre si sentraliseringsregjering til hausten? Er du glad i å jobbe politisk? Då bør du sende ein søknad til politisk utval!

Politisk utval (PU) har ansvar for store delar av det politiske arbeidet i Senterungdomen. Typiske arbeidsoppgåver for PU er å skrive resolusjonar og jobbe med media. I det komande arbeidsåret vil PU i tillegg jobbe mykje med valkamp. Eit stort prosjekt i den forbindelse vil vere å utarbeide ein grundig debattperm som medlemmane våre kan bruke i valkampen.

Som utvalsmedlem vil du få ei unik moglegheit til å vere tett på Senterungdomen i vår viktigaste valkamp sidan EU-kampen. Det blir eit krevjande, men lærerikt år. Saman skal vi løfte politikken vår til nye høgder. PU treng strategiske hovud, kloke debattantar, men først og fremst engasjerte medlemmar!

Søknad sendast til ebn@sp.no innan 01.desember. Skriv litt om kven du er, kva som er dine politiske hjartesaker og elles relevante erfaringar.

For meir informasjon eller spørsmål, kan du gjerne ta kontakt med meg!

Venleg helsing

Emma Berge Ness, politisk nestleiar.