Meny
Bli medlem
På nett i HEILE landet

På nett i HEILE landet

Publisert: 12.03.2021

Tradisjon tru skal vi også i år ha ein politisk kampanje, der alle senterungdomar i heile landet står samla for å setje fokus på ei politisk sak. Denne gongen er temaet internett. Kampanjeperioden er 12.mars-31.mars

Pandemien har vist oss kor viktig det er å ha tilgang på internett og mobilt breiband i heile landet og kor avhengige vi er av internett også i vårt private hus. Pandemien har også vist oss kor store moglegheiter digitalisering og internett gjev. Desse moglegheitene fortener heile landet å ta del i. Det er difor på høg tid at vi får bygd ut internett til alle i bygd og by. Uansett kvar du bur og kva du gjer, så skal du kunne vere kopla på nettet.  

Godt internett er like viktig frå heimekontoret i Bergen som på Bømlo. Ein rapport frå 2020 viser at det er store skilnadar på internett rundt om kring i landet – dette er det på tide å gjere noko med! Vi i politisk utval har sett saman ei pakke med tips til korleis du kan vere med å bidra til at vi får fokus på denne viktige saka i tida framover!  

Med basis i dette grunnlaget har vi lagt opp pakken med inspirasjon til korleis du kan bidra i kampanjen «på nett i heile landet». Her er det fritt fram til å bruke alt som står i denne pakken, men også eigne idear. Det er berre fantasien som setter grenser!  

Busk å bruke hashtaggen #rettpånett på det du legger ut på sosiale media