Meny
Bli medlem
Møre og Romsdal Senterungdom søker ungdomssekretær

Møre og Romsdal Senterungdom søker ungdomssekretær

Møre og Romsdal Senterungdom søker ungdomssekretær i 20-30% stilling. Ungdomssekretæren har ei viktig rolle i den daglege drifta av eit av Senterungdommen sine mest aktive fylkeslag.

Sist endret: 01.11.2021 #Møre og Romsdal

Møre og Romsdal Senterungdom er eit fylkeslag i Senterungdommen, og har høg aktivitet gjennom året. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som kan vere tilsett for Møre og Romsdal Senterungdom i 20-30% stilling.

Arbeidsoppgåver bestemmast etter avtale, men typiske gjeremål for ein ungdomssekretær vil vere:

  • Førebuingar og etterarbeid i samband med fylkesstyret sine møte. 
  • Organisering av fylkeslaget sine arrangement.
  • Organisering av reise til sentrale arrangement.
  • Utfylling og innsending av diverse søknadar og rapportar, herunder tilskot og momskompensasjon.
  • Oppdatering og innhaldproduksjon til sosiale media.
  • Rekneskap og budsjett, inkludert godkjenning av rekningar.
  • Oppfølging og bistand til lokallaga.

Vi ser etter deg som er initiativrik og sjølvstendig, samstundes som du trivst med å vere ein del av eit lag. Ungdomssekretæren skal framstå som påliteleg og imøtekommande i den daglege kontakta med våre medlemer. Erfaring frå tillitsverv eller anna organisasjonsarbeid er ein fordel.

Anna:

  • Søkaren må dele Senterungdommen sine grunnverdiar.
  • Kvelds- og helgearbeid, i tillegg til reiseverksemd må påreknast.
  • Førarkort kl. B på manuellgir er ein fordel, då fylkeslaget disponerer eigen bil.
  • Søkar bør ha kjennskap nynorsk.
  • Oppstart for stillinga er 1. januar. Ungdomssekretær tilsetjast i prosjektstilling på 6 månadar, med moglegheit for forlenging. 
  • Heimekontor etter avtale.
  • Moglegheiter for fleksibel arbeidstid og arbeidsstad. 
  • Løn etter avtale.

Søknadsfrist: 10. desember

Søknad og CV sendast til: dordiblerum@gmail.com 
Spørsmål kan rettast til: Fylkesleiar Dordi Boksasp Lerum – telefon: 95992700

Relaterte personer

Møre og Romsdal Senterungdom

Møre og Romsdal Senterungdom

Andrea Baade Bakken Telefon: +47 99 26 19 83