Meny
Bli medlem
Kamilla vann draumedag på Stortinget: – Vil hugse det resten av livet

Kamilla vann draumedag på Stortinget: – Vil hugse det resten av livet

Publisert: 28.04.2023

Kamilla Meland (17) frå Røyken vann Senterungdomen sin vervekonkurranse på Vårslepp. Som premie fekk ho ein draumedag på Stortinget. No ser ho fram til å få enno fleire med på laget.

Klokka var ikkje ein gong bikka 09:00 då ei spent jente trippa inn døra til finansdepartementet torsdagsmorgon. Der venta ein stolt partileiar på supervervaren frå Røyken.

– Eg vart litt starstrucked. Det var utruleg stas å få møte han åleine. Han er eit stort førebilete, seier Kamilla etterpå.

På det staselege kontoret til Trygve i finansdepartementet fekk Kamilla ta opp saka om lærlingordninga og prøvd ut statsrådstolen. Ho fekk også ros for verveinnsatsen sin. Deretter bar vegen vidare til regjeringskonferanse for partileiaren sin del, medan Kamilla reiste til Stortinget for å følgje dagen vidare der.

image002.jpg
Kamilla Meland med Trygve Slagsvold Vedum på Finansdepartementet.

Hektisk dag

På Stortinget fekk ho sjå at møtet i salen vart sett, før ho fekk vitje ei rekkje stortingsrepresentantar på kontoret deira.

– Eg er veldig takksam for korleis eg vart vorte møtt av alle eg har prata med i dag, og at dei har sett av tid til meg. Det er opplevingsrikt og fascinerande å sjå innsida av korleis dei jobbar på Stortinget, smiler 17-åringen.

I laupet av dagen fekk ho helse på mellom anna Per Olaf Lundteigen, Per Olav Tyldum, Jenny Klinge, Marit Knutsdatter Strand, Hans Gunnar Holand, Siv Mossleth, Kathrine Kleveland, Kari Mette Prestrud og Gro-Anita Mykjåland. Senterungdomsleiar Andrine Hanssen-Seppola stakk også innom ein tur.

– Og i kveld skal vi starte opp nytt lokallag! Det blir nye Asker og Bærum Senterungdom. Tidenes ynskje stortingsrepresentant Maren Grøthe blir også med, held ho entusiastisk fram.

image003.jpg
Kamilla på vei til Bærum sammen med stortingsrepresentant Maren Grøthe og lagbygger Mailinn Stoveland.

Fersk lokallagsleiar

Og lokallag vart det. På oppstartsmøte på Classic Pizza i Røyken møtte det ti engasjerte ungdommar opp.

– Det var god stemning.

Sjølv vart ho vald til lokallagsleiar i det nye styret.

– Det er veldig kjekt. Eg gler meg til å bygge laget og finne på masse kjekt. Det er viktig at også vi ungdommar får påverka politikken her i Asker og Bærum.

Vil verve enno fleire

Kamilla snakkar i laupet av intervjuet mykje om viktigheita av å verve ungdommar til senterrørsla.

– Verving er viktig for å byggje lag, og vi treng alltid fleire på laget for å vinne fram med vår politikk.

For sjølv om Kamilla er ein racer på verving og har vunne ein vervekonkurranse forsikrar ho nemleg at vervinga ikkje skal stoppe.

– Når ein fyrst har byrja å verve vert terskelen for å tore å spørje fleire om å bli med på laget lågare. Om alle vervar berre éin ven blir vi dobbelt så mange medlemmar, seier Kamilla bestemt, før ho trekk pusten.

– Denne dagen vil eg hugse resten av livet. Ein verkeleg draumedag, avsluttar den blide røykenbøringen.