Meny
Bli medlem

Har du lyst å vere med på og forme politikken som vi skal gå til val på styre landet med i 2021?

Sist endret: 18.11.2019

Politisk utval (PU) er eit av Senterungdomen sine utval. PU har hovudansvaret for å fremje og utvikle Senterungdomen sin politikk mellom landsmøter. Det neste året skal PU bruke aller mest tid og krefter på å utarbeide eit nytt stortingsvalprogram for Senterungdommen. 

Senterungdomen sitt stortingsvalprogram vil krevje mykje arbeid. Vi skal levere eit grundig dokument til landsmøtet i november. Ein viktig del av programarbeidet blir å involvere og engasjere medlemmane våre i størst mogleg grad. Målet er at mest mogleg av den politikken vi vedtek på vårt landsmøte vert ein del av ei ny regjeringsplattform etter valet i 2021!


I tillegg skal vi arbeide med politikkutforming i form av resolusjonar, og jobbe for at vi blir endå meir synlege i media-bildet som Noregs tredje største ungdomsparti. Utvalet vil gje deg moglegheita til å lære mykje, ha det moro og arbeide hardt.


Eg håpar på mange engasjerte søkarar med stor arbeidslyst. Skriv gjerne litt om kven du er, kva du vil bidra med, og kva politikkområdet du er særleg interessert i å arbeide med.


Søknad sendast til Emma Berge Ness på ebn@sp.no innan 03.desember!

Om du skulle lure på noko, tar eg veldig gjerne i mot spørsmål på e-postadressa ovanfor, Facebook eller telefon (95902183).

Hilsen
Emma Berge Ness

Denne artikkelen ble først publisert 15.11.2019