Meny
Bli medlem
Gode senterungdom!

Gode senterungdom!

Har du nokre forslag på kven som bør sitja i Senterungdomens sentralstyre?

Sist endret: 20.06.2022

end inn forslagi dykkar til heh@sp.no (Henrik Hageland, generalsekretær), so vil innspeli verta formidla vidare til valkomiteen. Frist for innspel av kandidatar, i ei uprioritert rekkjefylgje, er 14.juli kl. 23:59. Hensyn til kjønn og geografi treng ein ikkje å taka stilling til i denne omgangen. I denne runden vil me ha alt av innspel på kandidatar som ein ser på som dyktige i organisasjonen vår!

Valkomiteen i Senterungdomen har no starta sitt arbeid med å leggja fram ei innstilling til nytt sentralstyremøte på landsmøtet 2022 i november. Fyrste møte vart halde 16.juni og Rikke Håkstad (rikke.haakstad@tffk.no) vart vald som leiar. Ho har brei røynsle frå organisasjonslivet, som mellom anna tidlegare sentralstyremedlem, internasjonal leiar og generalsekretær i Senterungdomen. Med seg i komiteen har ho fylgjande:

Fylke

 

Fast

Troms

Regine Solli

Møre og Romsdal

Ida Aarskog

Buskerud

Halvor Merøningen

Østfold

Elise Lilletorp Lien

Oslo

Fredrik Bjerke

Hordaland

Dane Skofterud

Komiteen er vald av landsstyret.

Komiteen har på sitt fyrste møte vedteke fylgjande framdriftsplan for arbeidet, med utgangspunkt i dei retningslinene som ligg føre i arbeidet:

Når

Kva

16. juni

Konstituerande møte

 

17. juni – 14. juli

Fyrste innspelsrunde

 

14. juli 

Frist for innspel på kandidatar

 

15. juli 

Møte i valkomiteen

4. august 

Frist for kandidatar til å senda inn svar

 

8. august – 5. september 

 

Andre innspelsrunde

5. september

Frist for fylkeslagi til å koma med prioritert liste over kandidatar

15. september 

Møte i valkomiteen

14. – 16. oktober 

Fysisk møte i valkomiteen med intervju av aktuelle kandidatar

4. november

Siste frist for å leggja fram innstillingi

 

18. – 20.november

Landsmøte 2022

Skulle det vera spørsmål til innspelsrunden, til valkomiteens arbeid eller noko anna er det berre å taka kontakt med leiar av valkomiteen Rikke Håkstad (rikke.haakstad@tffk.no), eller til sekretær Henrik Hageland (heh@sp.no). Ingen spørsmål er dumme!

Relaterte personer

Henrik Hageland

Henrik Hageland

Generalsekretær

Varslinger utenfor kontortid rettes til +47 977 88 775
Telefon: +47 412 63 925