Meny
Bli medlem
Fyrste innspelrunde er i gang!

Fyrste innspelsrunde er i gang!

Sist endret: 01.06.2023

Valkomiteen i Senterungdomen 2023 hadde sitt fyrste møte 27. april. Her konstituerte komiteen seg og valde leiar og nestleiar. I tillegg laga ein ein framdriftsplan for året fram mot landsmøtet i Senterungdomen i Drammen 24. til 26. november.

Medlemane av valkomiteen er:

Fylke

Faste medlemar

Sentralt oppnemnd

Erlend Nytrøen (Hedmark, leiar)

Trøndelag

Lars Myhr Sandlund

Nordland

Adrian Fredriksen

Hedmark

Signe Storsnes

Rogaland

Magnus Nedrebø

Sogn og Fjordane

Emma Berge Ness (nestleiar)

Troms

Regine Solli

 

Det vart ogso vedteke ein framdriftsplan for arbeidet i komiteen. No har ein kome til fyrste innspelsrunde (1. til og med 15. juli), meir informasjon om denne finn du under framdriftsplanen. Sida vil verta oppdatert jamleg etterkvart som arbeidet går framyvi. 

Framdriftsplan for valkomiteen:

Fremdriftsplan valgkomiteen

 

Har du nokre innspel på kven som bør sitja i valkomiteen det komande arbeidsåret? Send inn innspelet ditt til heh@sp.no innan fristen, 15. juli kl. 23:59. Innspelet kan vera eitt eller fleire namn i ei uprioritert rekkjefylgje. Geografi og kjønn er noko ein ikkje treng å taka stilling til her, no vil me berre henta inn namn på flinke folk i organisasjonen vår! Alle i organisasjonen står fritt til å senda inn innspel. 

Spørsmål kring innspelsrunden eller til arbeidet til valkomiteen kan du senda inn til leiar for valkomiteen Erlend Nytrøen (erkn@stortinget.no), eller til sekretær Henrik Hageland (heh@sp.no).

Denne artikkelen ble først publisert 23.05.2023