Eline har vore med i Senterungdomen sidan ho var 16, og har hatt fleire verv i organisasjonen sidan, mellom anna som fylkesleiar i Sør-Trøndelag Senterungdom. I tillegg har ho òg hatt ulike verv i mellom anna 4H og Elevorganisasjonen. Til hausten står ho på andre plass på lista i Selbu, og på fylkestingslista i Trøndelag. Vidare har ho fullført reiselivs-linja på Ole Vig VGS, vore lærling hos Stiftinga kvite bussar, og gått kurs for å verte ung MOT-leiar.

Ho ser fram til ein spanande valkamp, og er klar til å bruke kunnskapane sine til å vidareutvikle organisasjonen framover.