Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Produksjonsskular er ein av vegane inn at i arbeidslivet

12.01.2024

Senterpartiet er oppteken av å vera nær folk i heile landet. Ungdommar er ein viktig del av folket! Dessverre er det ikkje alle ungdommar som føler at dei passar inn i dagens skulegang, at dei har valt feil eller dei ikkje passar inn i samfunnet.Tal frå NAV syner at 120 000 personar mellom 20 og 30 år står utan arbeid og  skule. Senterungdomen er uroa for det høge talet på personar som ikkje fullfører vidaregåande opplæring og som vert uføre.

  Vestland fylke er einaste fylke som har produksjonsskule som tilbod til ungdom utafor ordinær opplæring. Dei har to skular, ein i Bergen med dagtilbod (09-15) for ungdom som bur i eller nær byen, og ein i Hardanger med internattilbod på vekes-basis. Hyssingen produksjonsskule i Bergen vart oppretta i 2015 og er fullfinansiert av fylket, medan Hardanger produksjonsskule som starta i 2018 har vore finansiert 50/50 mellom staten ved Kunnskapsdepartementet og fylkeskommunen. Staten har no avslutta denne finansieringa.

 Ungdommane på båe skulane arbeider på dagen i verkstader der dei får opplæring gjennom praktisk arbeid og øvingar. Ungdommane vel sjølv kvaverkstad dei vil vere tilknytt ut frå si interesse. Skulane tilbyr eit breitt tilbod av linjer innan blant anna matfag, byggdrift, mekaniske- og kreative fag.

Gjennom dei 8 åra det har vore produksjonsskule i Vestland fylke, syner tala at 8 av 10 ungdommar som gjennomfører eit opphald, kjem tilbake til skule, lære eller arbeid. Dette er gode tal då ungdommane i produksjonsskulane ikkje er representative i lys av at dei ikkje har fått til ordinær vidaregåande skulegang og falt ut av mange ulike grunnar.

Senterungdomen vil at:

  • Staten ved Kunnskapsdepartementet må gje øyremerka søkbare midlar til fylka for å stimulera til ei nasjonal satsing på produksjonsskular.
  • Ungdommane som går på produksjonsskular må også få same rettar og pliktar som elevar i vidaregåande skule, slik at dei kan søkje Statens lånekasse om stipend/lån.

Innsendt av Hordaland og Sogn og Fjordane Senterungdom

Vedtatt av landsmøtet 2023