Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Evakuer Moria no!

15.09.2020

Leiren er tydeleg prega av overbefolkning og dårlege sanitære forhold. Dei uakseptable forholda har vorte grundig dokumentert, og førte til at Stortinget i mai måtte ta eit standpunkt i saka. Regjeringa stemte ned alle tydelege forslag om evakuering, og vedtok eit framlegg som ikkje sa noko konkret om verken når eller kor mange som skulle evakuerast til Noreg.

Situasjonen blei ytterligare forverra når korona-pandemien nådde øya. Det er antatt å vere ein samanheng mellom leiren sitt karantenesenter og storbrannen som nyleg øydela store delar av leiren. Resultatet er eit kaotisk, nedbrent og smittefarleg område.

Noreg har moglegheita til å gjere ein livsviktig innsats. Til tross for 100 norske kommunar seier at dei er klare for å ta i mot evakuerte, vil regjeringa berre evakuere 50 menneske. Det er ikkje bra nok. Når norske kommunar seier at dei er klare til å ta ansvar og redde liv, så kan ikkje Høgre-regjeringa stå i vegen!

Senterungdomen vil:

  • At Noreg tek ansvar og tek i mot minst 500 flyktningar frå Morialeiren

 

Vedtatt av Senterungdommens Sentralstyre september 2020.