Meny
Bli medlem
Resolusjoner

Auka matproduksjon med auka verdiskaping i beitenæringa! 

03.10.2023

Utmarka er ein viktig del av norsk totalberedskap, og viktig for eit bærekraftig landbruk. Det er store areal der ein kan drive matproduksjon på, i tillegg til våre 3% med dyrka mark. 

Utmarksressursane kan gjeve auka sjølvforsyningsgradI fylgje tal frå NIBIO vert det på utmarksbeite hausta verdiar for om lag 1 milliard kroner årleg. Dette er gratis fôrressursar som ikkje kan nyttast til andre føremål. Skal ein få fleire dyr ut på beite i utmarka lyt ein stimulere til det økonomisk. 

Styrka økonomi i beitenæringa kan også auke verdiskapinga i landbruket. 

 

Med færre dyr på utmarksbeite og fleire hytter aukar konfliktnivået - der hytter er bygd i 

beiteområde. Dei beste beiteområda ligg typisk i solfylte lier, som også er attraktive hyttefelt. 

Når det byggast hytter i desse områda, endar ein ofte opp med at beitedyra trekk inn til 

områda rundt hyttane, fordi dei omkringliggande areala gror att. Mindre areal til beite fører til 

beitepress, og konflikt mellom hytteeigarar og bønder. Med færre dyr på utmarksbeite og fleire hytter aukar konfliktnivået - der hytter er bygd i beiteområde. Dei beste beiteområda ligg typisk i solfylte lier, som også er attraktive hyttefelt i deler av landet. Å forhindre at hyttefelt byggas i dei 

beste beiteområda vil vere et viktig konfliktdempande tiltak. Ein viktig del av dette vil vere å 

kartlegge beiteverdien i utmatka, dette gjer NIBIO i dag. Slik kan ein drive aktiv 

arealforvaltning, og jordvern i utmarka - ved og ikkje bygge ned område med særs høg 

beiteverdi. 

 

Ved å leggje beitekartleggingar til grunn før bygging av nye hytter, og gjennom 

konfliktdempande tiltak mellom beitenæring og hytteeigarar vil ein kunne unngå store 

konflikter mellom interessegrupper. Ved å leggje beitekartleggingar til grunn før bygging av nye hytter i områder med arealutfordringer, og gjennom konfliktdempande tiltak mellom beitenæring og hytteeigarar vil ein kunne unngå store konflikter mellom interessegrupper. Samstundes med satsing på auka verdiskaping i 

beitenæringa kan ein sikre auka sjølvforsyningsgrad, og meir matproduksjon på norske 

ressursar. 

 

Senterungdommen vil: 

● Alle landets beiteområde skal kartleggast, slik NIBIO gjer i dag, for å få ei oversikt 

over verdiane i utmarka. 

● Beitekartleggingar skal foreligge ved utgreiing av hyttefelt, kvaliteten på utmarka skal 

vege tungt i avgjersla om utbygging. 

● Stimulere til konfliktdempande tiltak i eksisterande hytteområde, gjennom oppdaterte 

beitebruksplanar i kommunen og aktiv informasjon om beitedyr i hytteområde 

● Auke potten for RMP-midlar, for å minkse kostnadar knytt til beitebruk, samt å 

stimulere til organisering i beitelag 

● Bevilge midlar til forsking på beiting, og beiteteknologi. I tillegg auke tilskotet til 

digitale løysingar som NoFence, radiobjøller og seterrobot 

 

Resolusjon frå Ås Senterstudenter, Oppland SUL, Sogn & Fjordane SUL, Hordaland SUL og 

Trøndelag SUL 

 

Vedtatt av Senterungdommens sentralstyre juni 2023